Sparbu og Stod
13 juli 2006

Red:  Åsmund Ystad
Prod:  Lars Erik Brattås

13 juli 2006

Til Redaksjonen
Eg ber om spalteplass under ordet fritt for følgjande lesarinnlegg:


BJØRNEJAKTA I JOSTEDALEN

Staten bør setjast i "skammekroken" etter alt oppstyret omkring bjørnejakta i Jostedalen. For hadde representantane for statsmakta alle gjort si plikt i denne saka, ville bjørnen for lengst vore sendt til dei evige jaktmarker. No er det ein yngre bonde som får statsapparatet mot seg for å ha gjort forsøk på å forsvare næringa si - det sørgjer nok lustralensmannen for. Det blir nok nå viktigare å finne flest mogeleg detaljer bonden kan tiltalast for - i staden for å rette merksemda mot skadedyret.

Fyrst av alt så sette truleg fylkesmannen noregsrekord i "trenering" ved tildelinga av fellingsløyve for bjørnen. Han skulle gjeve løyve umiddelbart etter at dei fyrste sauene vart funnet ihelrivne - det hadde han fullt høve til. Det er berre å slå fast at sjølv i rovdyrområder - der bjørn er prioritert - får ein raskare fellingsløyve for skadedyr enn kva fylkesmannen gav i dette tilfelle.

Staten har gjennom lovgjevinga teke full eigedomsrett over dei store rovdyra. Men då har og Staten moralsk plikt til å ta ut skadedyr når dette skal gjerast. Men i Jostedalen var ikkje dette aktuelt. Statens Naturoppsyn velta heile ansvaret for felling av skadedyret over på sauebøndene. Dette er folk som på denne tida av året har det meir enn travelt på andre kantar, om dei ikkje i tillegg også skal måtta tråve fjell og finnar for å skyte skadedyr.

Når nå ein av dei sauebøndene, som har lidd under tapet av bjørnedrepne sauer, forsvarar dyra sine ved å skyte på bjørnen, står sjølvsagt ei ny grein av statsapparatet - lustralensmannen - klar til å straffe bonden. Og sjølvsagt vil den "ivrige" håndhevaren av lov og rett gjere alt han kan for at bonden si forklaring om "naudverje" ikkje skal bli trudd av retten. - For slik blir jo gjerne utgangen i dei fleste saker der bjørn blir felt.

Eg ser på tekst-TV at bonden vil bli tiltalt. Så nok ein gong kjem feil person på tiltalebenken. For der skulle fylkesmannen og Naturoppsynet ha sete - det er dei som ikkje har gjort jobben sin. Den unge bonden gjorde berre si plikt - forsvarte husdyra sine.

Saka lærer oss ein ting - på litt sikt må det jobbast politisk for fri jakt på såkalla streifdyr av bjørn, jerv, gaupe og ulv, når dei "forvillar" seg inn i beiteområde for husdyr. - For her skal husdyra vere trygge for rovdyrangrep.

Til slutt - den unge bonden kan gå ut i samfunnet med rak rygg. Han har garantert minst 99% av bygdefolka bak seg i denne saka. Det er absolutt grunn til å ta av hatten for ein ung bonde som brukar natta til å sjå etter dyra sine, etter fyrst å ha hatt ein lang arbeidsdag. Det er ungdom som dette me må lite på for oppretthalding av busetnad og jordbruk i utkantar som Jostedalen. Difor har denne bonden no krav på bygdefolket sin respekt og støtte. Det siste får me komme tilbake til etter kvart.

Oddvin Fossøy - Jostedalen

Adresse:Postboks 40, 7701 Steinkjer
Telefon:975 95 119
Telefaks:74 16 62 36
E-post:aksjonen@rovdyr.org
Hjemmeside:http://www.rovdyr.org